Valet skal haldast torsdag 26. januar 2017 i banken sine lokale.
Røystetid: kl. 9.00 - 18.00
Det skal veljast 2 medlemar og 4 varamedlemar til banken sitt forstandarskap. Medlemane- og varamedlemane vert valde for ein periode på 4 år, fram til valet i 2020.
Alle myndige kundar i Sparebanken har røysterett ved val av medlemar og varamedlemar som skal representere kundane i forstandarskapet. Kvar kundetilhøve gjev ei røyst når ikkje anna følgjer av lov eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn to røyster, ei på grunnlag av eige kundetilhøve og ei som representant for annan kunde. Fleirtalet av dei kundevalde medlemane av forstandarskapet må vere busette i Ørskog.
Medlemar på val:
Kristin Torine Amdam og Steinar Nerbøvik
Varamedlemer på val:
Thorbjørn Fylling, Jan Arild Refsnes, Arild Bakken og Oddgeir Vestre
Banken sin valkomite for kundevalet har kome med følgjande forslag på kandidatar.
Jakobsen |
Odd Arild |
Ørskog |
Langstein |
Eva |
Vestnes |
Bakken |
Arild |
Ørskog |
Abelvik |
Ann-Mari |
Ørskog |
Fylling |
Kjell |
Skodje |
Stavseng |
Vigdis Heier |
Ørskog |
Fylling |
Thorbjørn |
Ørskog |
Synnes |
Frode |
Ørskog |
Refsnes |
Jan Arild |
Ørskog |
Håhjem |
Jorunn Marie |
Skodje |
Øvstedal |
Jan Petter |
Ørskog |
Anderson |
Cecilie |
Ørskog |
Vi oppfordrar røysteføre kundar å foreslå alternative kandidatar. Forslaget skal innehalde kandidaten sitt namn, fødselsår og dato, og fullstendig adresse samt grunngjeving for forslaget.
Eventuelle forslag må sendast Ørskog Sparebank seinast 19.01.2017.
Valet er skriftleg, hemmeleg og reint fleirtalsval.
ØRSKOG SPAREBANK, 31.12.2016