Valet skal haldast mandag 29. januar 2018 i banken sine lokale.

Røystetid: kl. 9.00 - 18.00

Det skal veljast 2 medlemar og 1 varamedlem til banken sitt
forstandarskap. Medlemane og varamedlemane vert valde for
ein periode på 4 år, fram til valet i 2022.

Alle myndige kundar i sparebanken som har og i dei siste seks
månader har hatt eit innskot på minst 2.500 kroner har røysterett
ved val av medlemar og varamedlemar som skal representere
kundane i forstandarskapet. Kvart kundetilhøve gjev ei røyst når
ikkje anna følgjer av lov eller vedtektene. Ingen kunde har meir
enn to røyster, ei på grunnlag av eige kundetilhøve og ei som
representant for annan kunde.
Fleirtalet av dei kundevalde medlemane av forstandarskapet må
vere busette i Ørskog.

Medlemar på val: Jan Petter Aasen og Paul-Are Klock Tjervåg.

Varamedlem på val: Jan Petter Øvstedal.

Banken sin valkomitè for kundevalet har kome med
følgjande forslag på kandidatar:

Cecilie Anderson, Ørskog
Jan Petter, Øvstedal, Ørskog
Alice Tennfjord, Tennfjord
Sturla Stavseng, Ørskog
Birte Lovise Vadset, Ørskog
Frode Dyrkorn, Ørskog
Kjell Fylling, Skodje
Stine Ødegaard Urke, Ørskog
Brynje Vethe, Ørskog
Margunn Hasle Eide, Ålesund
Odd Arild Jakobsen, Ørskog
Jorunn Marie Håhjem, Skodje

Vi oppfordrar røysteføre kundar å foreslå alternative kandidatar.
Forslaget skal innehalde kandidaten sitt namn, fødselsår og dato,
og fullstendig adresse samt grunngjeving for forslaget.

Eventuelle forslag må sendast Ørskog Sparebank seinast
15.01.2018.

Valet er skriftleg, hemmeleg og reint fleirtalsval.