Valet skal haldast mandag 28. januar 2019 i banken sine lokale.
Røystetid: kl. 9.00 - 18.00
Det skal veljast 2 medlemar og 1 varamedlem til banken sitt
forstandarskap. Medlemane og varamedlemane vert valde for
ein periode på 4 år, fram til valet i 2023.
Alle myndige kundar i sparebanken som har og i dei siste seks
månader har hatt eit innskot på minst 2.500 kroner har røysterett
ved val av medlemar og varamedlemar som skal representere
kundane i forstandarskapet. Kvart kundetilhøve gjev ei røyst når
ikkje anna følgjer av lov eller vedtektene. Ingen kunde har meir
enn to røyster, ei på grunnlag av eige kundetilhøve og ei som
representant for annan kunde.
Fleirtalet av dei kundevalde medlemane av forstandarskapet må
vere busette i Ørskog.
Medlemar på val: Trude Fimland Sjøholt og Magny Hauge Dyrkorn.
Varamedlem på val: Ann-Mari Abelvik.
Banken sin valkomitè for kundevalet har kome med
følgjande forslag på kandidatar:
Stine Ødegaard Urke, Ørskog
Rune Westerås, Ørskog
Alice Tennfjord, Tennfjord
Frode Dyrkorn, Ørskog
Margunn Hasle Eide, Ålesund
Kjell Arne Fylling, Skodje
Siv Juul Abelseth, Ørskog
Stig Are Søvik, Ørskog
Elisabeth Rundtom, Ålesund
Kjell Petter Braute, Ørskog
Trude Fimland Sjøholt, Ørskog
Geir Kåre Bjermeland, Tresfjord
Vi oppfordrar røysteføre kundar å foreslå alternative kandidatar.
Forslaget skal innehalde kandidaten sitt namn, fødselsår og dato,
og fullstendig adresse samt grunngjeving for forslaget.
Eventuelle forslag må sendast Ørskog Sparebank seinast
14.01.2018.
Valet er skriftleg, hemmeleg og reint fleirtalsval.
