Du som kunde bestemmer over banken din! Forstandarskapet bestemmer kven som skal sitte i styret i banken, vedtek rekneskap og tildeling av gåvemidlar. Du som kunde har røysterett og kan velje kven som skal representere kundane i forstandarskapet. Dette er din sjanse til å påverke!

Vi håpar at du vil hjelpe oss å utvikle banken ved å gje di røyst til den du meiner skal veljast inn i forstandarskapet.
Det skal veljast 6 medlemar og 1 varamedlem til banken sitt forstandarskap. Medlemane- og varamedlemane vert valde for ein periode på 4 år, fram til valet i 2024. Alle myndige kundar i sparebanken som har og i dei siste seks månader har hatt eit innskot på minst 2.500 kroner har røyster ett ved val av medlemar og varamedlemar som skal representerekundane i forstandarskapet. Kvart kundetilhøve gjev ei røyst når ikkje anna følgjer av lov eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn to røyster, ei på grunnlag av eige kundetilhøve og ei som representant for annan kunde. Fleirtalet av dei kundevalde medlemane av forstandarskapet må vere busette i Ørskog.

Vi vil oppmode kundane om å nytte røysteretten ved valet!

Medlemar på val:
• Kine Johansen
• Kjetil Søvik
• Geir Petter Aure
• Arne Abelseth
• Kaja Kongsnes
• Jarle Viset
• Varamedlem på val: Jan Arild Refsnes.

Banken sin valkomitè for kundevalet har kome med følgjande forslag på kandidatar:

- Thea Elise Vestre Aasen, Ålesund
- Ronny Langset, Ørskog
- Alice Tennfjord, Haram
- Knut Harstad, Ørskog
- Runa Klock, Ørskog
- Fredik Drabløs, Skodje
- Jeanette Elin Sæter Viset, Ålesund
- Peder Stette, Skodje
- Kine Johansen, Ørskog
- Terje Ona, Ålesund
- Malene Valde, Ørskog
- Elisabeth Vestre Øveraas, Ørskog
- Kjetil Søvik, Ørskog
- Bjørn Kåre Gårdsvoll, Ålesund
- Siv Juul Abelseth, Ørskog
- Oddbjørn Nicolaisen Saure, Ørskog

Servering av kaffe og kake
Tysdag, 28. januar 2020 i banken sine lokale i Ørskog og på Moa

Røystetid Ørskog: kl. 9.00 - 18.00
Røystetid Moa: kl. 10.00 – 16.00

Valhandling:
Det kan ikkje førast opp andre kandidatar enn valkomiteen si innstilling. Det stemmast maksimalt på så mange kandidatar som det skal veljast medlemmer og varamedlemmer til forstandarskapet. Det kan stemmast på 1-7 kandidatar. Dersom der er kryssa av for, eller tilleggsoppført fleire kandidatar ebb det skal veljast medlemmar og varamedlemmar skal røysteseddelen forkastast. Det er ikkje tillate å stryke namn på røysteseddelen.