Valet skal haldast tirsdag 26. januar 2021 og vert gjennomført elektronisk med Bank ID. 

STEM HER

Det skal veljast 2 medlemar og 1 varamedlem til banken sitt forstandarskap. Medlemane- og varamedlemane vert valde for ein periode på 4 år.

Alle myndige kundar i Sparebanken som har og i dei siste seks månader har hatt eit innskot på minst 2.500 kroner kan veljast og har røysterett ved val av medlemar og varamedlemar som skal representere kundane i forstandarskapet. Kvart kundetilhøve gjev ei røyst når ikkje anna følgjer av lov eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn to røyster, ei på grunnlag av eige kundetilhøve og ei som representant for annan kunde. Minst 7 av dei kundevalde medlemane av forstandarskapet skal ha folkeregistrert adresse 6240 Ørskog.

Forstandarskapet er det øvste organet i Ørskog Sparebank. Her sitt det 12 kundevalde medlemar som vel styremedlemar og godkjenner bankens årlege gåveutdeling. For første gang gjennomfører banken valet elektronisk tysdag den 26. januar. Dersom ein kunde ikkje har høve til å røyste elektronisk er det mogleg å røyste i banklokalet på Sjøholt mellom 09 og 16. Grunna koronasituasjonen oppmodar banken alle som kan til å røyste elektronisk.

Banken sender den 26. januar ut SMS med informasjon om valet og instruksjonar til korleis ein kan røyste. Dei siste åra har det vore ei auke i svindelforsøk og phising som også har råka banken. Vi vonar flest mogleg vil nytte høvet til å røyste under valet. Og vi presiserer at meldinga ikkje er eit forsøk på svindel – den er det vi i banken som har sendt ut. Kontakt banken om du har spørsmål.

 
Medlemar på val:............Arild Bakken og Thorbjørn Fylling
Varamedlem på val: .......Frode Synnes


Banken si valnemnd for kundevalet har kome med følgjande forslag på kandidatar:

Navn Fødd  Adresse
Arild Bakken 1972 Ørskog
Thorbjørn Fylling 1957 Ørskog
Josefia Longva Danielsen 2000 Ørskog
Heidi Beate Gjelsten 1971 Fiksdal
Peder Stette 1970 Skodje
Bjørn Kåre Gårdsvoll 1958 Ålesund
Jeanette Amdam Johansen    1986 Ørskog
Christina Eide Stær 1984 Ørskog



__