Valtidspunkt

Valet skal haldast i perioden 24. januar kl 09:00 til 27. januar kl 23:59. 

Korleis du røyster ved valet

Digitalt: 
HER KAN DU STEMME (kantega.no)

I bankens lokale på Sjøholt
Måndag 24. januar, kl 10-15
Torsdag 27. januar, kl 10-15

Kven kan røyste
Alle myndige kundar i Sparebanken som har og i dei siste seks månader har hatt eit innskot på minst 2.500 kroner kan veljast og har røysterett ved val av medlemar og varamedlemar som skal representere kundane i forstandarskapet. Kvart kundetilhøve gjev ei røyst når ikkje anna følgjer av lov eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn to røyster, ei på grunnlag av eige kundetilhøve og ei som representant for annan kunde.

Kven skal veljast - kandidatar til valet
Forstanderskapet er det øvste organet i banken og består av 16 medlemer med 6 varamedlemer. Av desse er 12 medlemer og 4 varamedlemer valt av og blant bankens myndige kundar. Minst 7 av dei kundevalde medlemane skal ha folkeregistrert adresse 6240 Ørskog. Medlemane- og varamedlemane vert valde for ein periode på 4 år, og er eit reint fleirtalsval.

Medlemar på val:............Cecilie Anett Anderson og Sturla Stavseng
Varamedlem på val: .......Brynje Vethe


Banken si valnemnd for kundevalet har kome med følgjande forslag på kandidatar for perioden 2022-2026, i alfabetisk rekkefølgje:

Navn Fødd  Yrke/tittel  Adresse
Hole, Norman Henning 1963  Dagleg leiar 6220 Straumgjerde
Johansen, Jeanette Amdam 1986  Marknadsføringsrådgjevar      6240 Ørskog
Lorgen, Karl Anton 1969  Seksjonssjef 6057 Ellingsøy
Sjøholt, Natalie Bakke 1994  Sivilingeniør 6395 Rekdal
Stavseng, Sturla 1991  Dagleg leiar 6260 Skodje
Stær, Christina Eide 1984  Dagleg leiar 6240 Ørskog
       
       


Vi oppfordrar alle kundar om å nytte røysteretten! 
Det er i forstandarskapet dei viktige vedtaka vert gjort, til dømes val av styremedlemer, godkjenning av årsrekneskap og utdeling av gåvemidlar. Ved å røyste kan du dermed vere med på å påverke utviklinga i Ørskog Sparebank.

__