Sjøholt Vel har gått saman med Kommunedelsutvalet for Ørskog om å å lyssetje Nord-Europas høgaste julegran på rot. Med tusenvis av LEDlys ønsker dei å lage magisk julestemning på Sjøholt, og Ørskog Sparebank støtter initiativet med kr. 10.000,- 

Vil du også være med å lage ein vakker velkomst til bygda i mørkaste tida? 
Sjøholt Vel meiner at både næringsliv og innbyggjarar vil ha stor glede av tiltaket. Julegrana er eit landemerke som samlar bygda og som kan tiltrekke seg mange besøkjande. Sjøholt Vel har siste åra delt ut lysande julestjerner til alle lokala langs Sjøholtvegen så det lyser i vindauga, eit initiativ starta som del av tettstadprosjektet for sentrum. No ønskjer dei og kommunedelsutvalet å lyssette Julegrana så ho verkeleg lyser om det landemerke ho er.

Får dei inn meir pengar vil ein langs heile småbåthamna dekorere bjørkene med lyslenker, så heile fronten på bygda lyser opp. Også alleen mot busstasjonen kan lyssetjast!

Støtt Julegranas venner sin konto: 4060.27.30028