Desse tenestene i Vipps vil ikkje fungere frå fredag 20.10 14.00 til måndag morgon.
- Venebetaling via konto. Du kan ikkje sende pengar frå bankkonto, eller motta pengar inn frå ei kontobetaling.
- Rekningsbetaling
- Vising av saldo i Vipps-appen
- Funksjonen for å leggje inn kort vil vere ustabil
- Betalingar i butikk med QR-kode
Dette vil fungere som normalt:
- Venebetaling frå kort (betalingar frå kort kan ta opptil 3 dagar) Du kan også motta betalingar frå kort, men det kan ta nokre dagar før betalinga er på konto. (Betalingar til og frå kort kan ta opptil 3 dagar)
- Nettbetaling, app og betalingar med Vipps på restaurantar med Vipps-nummer
- Betalingar i butikk med Vipps-nummer
Etter helga vil du ikkje trenge å gjere noko. Alt av innlagde kort og kontoar i Vipps vil framleis vere der, og Vipps kan brukast normalt når tenesta er oppe og går igjen.
Har du godkjent ei rekning i Vipps til forfall etter 20.10, tilrår vi at du sjekkar status på betalinga i mobil eller nettbank. Betalinga vil gå som planlagt, men statusen i Vipps kan vere feil.