Vi deler kvart år ut ein del av overskotet vårt til allmennyttige føremål.

Ein solid sparebank er ikkje mykje verd utan kundar og eit levande lokalsamfunn. Banken gir derfor kvart år ein del av overskotet tilbake til lokalsamfunnet. Vi oppmodar alle lag og organisasjonar som ønskjer å komme i betraktning til å sende ein skriftlig søknad om tildeling av midlar. Vi kan også vurderer gåver til einskilde personar eller andre med gode prosjekt. Søknaden må innehalde informasjon om prosjektet, kostnadane og kven som er målgruppa, antal deltakarar m.m. Søknadsskjema blir lagt ut i bankens lokaler, og du finn dei også her på bankens heimesider.

Søknadsfristen er 31. januar kvart år.