Valtidspunkt

Valet skal haldast i perioden 23. januar kl 09:00 til 26. januar kl 23:59. 

Korleis du røyster ved valet

Digitalt: 
Klikk her for å STEMME

Vi oppfordrar alle som kan om å nytte bankens digitale løysing med BankID ved å følgje link over. Her kan du gje di røyst når som helst i valperioden, også utenfor bankens  opningstid.

I bankens lokale på Sjøholt
Torsdag 26. januar, kl. 09.00-15.00.

Kven kan røyste
Alle myndige kundar i Sparebanken som har og i dei siste seks månader har hatt eit innskot på minst 2.500 kroner kan veljast og har røysterett ved val av medlemar og varamedlemar som skal representere kundane i forstandarskapet. Kvart kundetilhøve gjev ei røyst når ikkje anna følgjer av lov eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn to røyster, ei på grunnlag av eige kundetilhøve og ei som representant for annan kunde.

Kven skal veljast - kandidatar til valet
Forstanderskapet er det øvste organet i banken og består av 16 medlemer med 6 varamedlemer. Av desse er 12 medlemer og 4 varamedlemer valt av og blant bankens myndige kundar. Minst sju av dei kundevalde medlemane skal ha folkeregistrert adresse 6240 Ørskog. Medlemane- og varamedlemane vert valde for ein periode på 4 år, og er eit reint fleirtalsval.

Medlemar på val:............Rune Westerås og Frode Dyrkorn
Varamedlem på val: .......Kjell Petter Braute


Banken si valnemnd for kundevalet har kome med følgjande forslag på kandidatar for perioden 2023-2027, i alfabetisk rekkefølgje:

Navn Adresse Yrke/tittel  Fødselsår Informasjon 
Braute, Kjell Petter 6240 Ørskog  Ingeniør 1962 Foreslått til gjenvalg 
Maridal, Anna Kristine 6260 Skodje  Produktsjef 1983 Foreslått som ny kandidat 
Stene, Veronica 6240 Ørskog  Dagleg leiar 1980 Foreslått som ny kandidat
Urke, Stine Ødegaard 6240 Ørskog  Salsleiar 1978 Foreslått som ny kandidat
Viset, Jeanette Elin Sæter   6017 Ålesund   Dagleg leiar 1978 Foreslått som ny kandidat
Westerås, Rune 6250 Stordal  Dagleg leiar  1970 Foreslått til gjenvalg
         
         

Røysteføre kundar kan foreslå alternative kandidatar. Forslaget skal innehalde kandidaten sitt namn, fødselsår og dato, fullstendig adresse, samt grunngjeving for forslaget. Eventuelle forslag må sendast Ørskog Sparebank seinast 09.01.2023.

Vi oppfordrar alle kundar om å nytte røysteretten! 
Det er i forstandarskapet dei viktige vedtaka vert gjort, til dømes val av styremedlemer, godkjenning av årsrekneskap og utdeling av gåvemidlar. Ved å røyste kan du dermed vere med på å påverke utviklinga i Ørskog Sparebank.

__