Valtidspunkt

Valet skal haldast i perioden 22. januar kl 09:00 til 25. januar kl 23:59. 

Korleis du røyster ved valet

Digitalt: 
Du stemmer ved å følge lenka til Kantega si valløysing her: https://valg.kantega.no/valg/orskog 

Vi oppfordrar alle som kan om å nytte bankens digitale løysing med BankID ved å følgje lenke over. Her kan du gje di røyst når som helst i valperioden, også utenfor bankens  opningstid.

I bankens lokale på Sjøholt:
Torsdag 25. januar, kl. 10.00-15.00.

Hugs å ta med legitimasjon (pass, nasjonalt ID-kort, førarkort).

Kven kan røyste
Alle myndige kundar i Sparebanken som har, og i dei siste seks månader har hatt eit innskot på minst 2.500 kroner, kan veljast og har røysterett ved val av medlemar og varamedlemar som skal representere kundane i forstandarskapet. Kvart kundetilhøve gjev ei røyst når ikkje anna følgjer av lov eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn to røyster, ei på grunnlag av eige kundetilhøve og ei som representant for annan kunde.

Kven skal veljast - kandidatar til valet
Forstanderskapet er det øvste organet i banken og består av 16 medlemer med 6 varamedlemer. Av desse er 12 medlemer og 4 varamedlemer valt av og mellom sparebanken sine myndige kundar. Minst sju av dei kundevalde medlemane skal ha folkeregistrert adresse 6240 Ørskog. Medlemane- og varamedlemane vert valde for ein periode på 4 år, og er eit reint fleirtalsval.

Medlemar på val:............Runa Klock, Ronny Langset, Kjetil Søvik, Thea Elise Vestre Aasen, Knut Harstad, Kine Johansen
Varamedlem på val: .......
Elisabeth Vestre Øverås

Banken si valnemnd for kundevalet har kome med følgjande forslag på kandidatar for perioden 2024-2028, i alfabetisk rekkefølgje:

Navn Adresse Yrke/tittel  Fødselsår  
Fjordside, Lene Ørskog Fastlege 1971  
Hjelle, Arild Kåre Ørskog Automasjonsingeniør 1977  
Johansen, Jeanette Amdam    Ørskog Marknadsansvarleg 1986  
Johansen, Kine Ørskog Lærar 1978  
Klock, Runa Ørskog Sjølvstendig næringsdrivande  1977  
Krogsæter, Odd Vestnes Anleggsleiar 1969  
Roelofs, Janette Ørskog Sjølvstendig næringsdrivande  1959  
Søvik, Kjetil  Ørskog Statsautorisert rekneskapsførar   1970  
Øverås, Elisabeth Vestre Ørskog Konsulent 1960  
Aasen, Thea Elise Vestre Ålesund    Byggingeniør 1993  

 

Røysteføre kundar kan foreslå alternative kandidatar. Forslaget skal innehalde kandidaten sitt namn, fødselsår og dato, fullstendig adresse, samt grunngjeving for forslaget. Forslaget må vere banken i hende innan 8. januar.


Vi oppfordrar alle kundar om å nytte røysteretten! 
Det er i forstandarskapet dei viktige vedtaka vert gjort, til dømes val av styremedlemer, godkjenning av årsrekneskap og utdeling av gåvemidlar. Ved å røyste kan du dermed vere med på å påverke utviklinga i Ørskog Sparebank.

__