Jeg veit det blir skandale, men jeg sier det like ut. Når jeg blir 66 har jeg tenkt å freake ut. Med håret som en pønker og lomma full av gryn. Er bestefar i rute og så kan gammel’n dra på byen.

Slik startar Wenche Myhres berømte låt om det å bli pensjonist. Då ho skreiv teksten i 1983 visste ho nok lite om kor rett ho skulle få. Dagens og morgondagen sine pensjonistar skal nemleg ut og «realisere seg sjølv».

- Det er ingen tvil om at det å vere pensjonist i dag, er noko heilt anna enn for 10-20 år tilbake. Ikkje berre lever vi lenger, vi har også med oss ei heilt anna livserfaring inn i alderdomen. Mens dei som var pensjonistar på 80-talla ikkje hadde reist lenger enn til Sverige, har jo vi vore jorda rundt. Det er klart det gjer noko med forventningane våre, fortel Christian Vestengen, finansrådgivar i Eika Kapitalforvaltning.

Folketrygda er sjeldan nok
Det å pensjonere seg er ikkje lenger livet sin epilog, men starten på eit heilt nytt kapittel. Eit kapittel kor vi skal oppleve alt vi ikkje har opplevt, og besøkje plassane vi ikkje har besøk. Det er berre eitt problem.

- Alt kostar pengar. Derfor er det viktig at vi sparer opp nok på førehand, seier Vestengen.

Kva med folketrygd og tenestepensjon?

- Vår erfaring er at folketrygda (den staten sparer for deg) og tenestepensjon (den bedrifta sparer for deg) blir opplevt som litt knapt for dei fleste. Vanlegvis utgjer ikkje det meir enn 50 prosent av det du får i lønn i dag. For å oppnå ein pensjon som er tilnærma lik det du tener i jobben din må du altså spare privat i tillegg, forklarer han.

Start så tidleg som mogeleg
For mange blir pensjons og- fondssparing opplevd som ein jungel av ulike alternativ. Derfor oppmodar Vestengen til å snakke med ein rådgivar i lokalbanken. Det har vist seg å vere ein lønnsam time for dei fleste kundar.

- Det er nemleg ikkje så komplisert som ein ofte trur. Slå av ein prat med rådgivaren din i banken, så kan de saman gå gjennom alternativa dine. Det er som med alt anna i livet: Set deg eit mål og følgje planen. Rent konkret betyr det at om du vil ta ut pensjon tilsvarande 80 prosent av lønna di når du blir 67, så set banken opp ein plan som gjer det mogeleg.

Når bør ein begynne å setje til side?
- så tidleg som mogeleg. Er du 30 år så held det kanskje å spare 1000 kroner i månaden for å oppnå den pensjonen du ønskjer. Har du runda 50 må du kanskje spare 4000 kroner for å klare det same. Men det er aldri for seint, avsluttar Christian Vestengen.

Sjekk din forventa pensjon