For ei oppleving du har i vente om du har valt å reisa til fjells. Å vandra ut i naturen er godt for både kropp og sjel, men ikkje gløym sikkerheita både før-, etter og under turen.
Her kjem 9 enkle påskeregler for deg som skal på tur:
- Planlegg påsketuren godt og inviter familie og venner til å bli med! Jo fleire, jo betre påskestemning!
- Husk å betala alle rekningar og godkjenna alle betalingar i mobil- eller nettbanken før du reiser på fjellet.
- Sikre heimen din før du reiser bort! Tøm postkassa og sjå til at dører og vindauge er låst.
- Ta med fleire kort på turen ̶ både bankkort og kredittkort. Skulle du mista det eine kortet i skibakken, kan du framleis bli med på «afterski» og betala med det andre.
- Last ned mobilbanken! Med denne kan du følgja med på forbruket ditt og få ei god oversikt over kor mykje du har brukt på kvikklunsj, pølser og brus.
- Hugs å ta med mobilladeren! Ein strømløs mobil er det siste du ønsker deg på fjellet.
- Betal overnatting og reiseutgifter med kredittkortet. Skulle du bli sjuk eller missa flyet, er du dekt av reiseforsikringa inkludert i kredittkortet.
- Skal du til utlandet? Husk å betala i lokalvaluta, då får du som regel betre valutakurs og dermed meir påske godis for penga.
- Sist men ikkje minst, hugs solkrem og nyt sola! Spel kort med familien og kos deg masse med påskegodt og påskekrim!
Vi ønsker deg og dine god påske!