Skal du på ein liten firmatur eller konferanse til utlandet er det første du bør hugse - å bestille både flybillettar og hotellopphald med din Eika Bedrift. Du får alltid gratis reise- og avbestillingsforsikring i tillegg til gode reklamasjonsmoglegheiter dersom noko skulle skje.

Skal du ut på tur i den store verda, har vi tre gode tips til deg når det kjem til bruk av kredittkort:

  1. Vel lokal valuta
    Har du opplevt å bli spurt om du ønskjer å betale i lokal valuta eller i norske kroner? Ikkje gå i felt - den beste valutakursen får du ved å betale i lokal valuta, sjølv på dagsturar til Sverige eller Danmark.

  2. Behov for kontantar?
    Hugs at du alltid får gebyrfrie minibankuttak i valuta i utlandet når du tek ut kontantar med kredittkortet frå oss.

  3. Betal kontaktlaust
    For beløp under 500 kr så kan du betale kontaktlaust utan å taste PIN-koden din. Har du Google Pay, kan du bruke mobilen din til å betale med - og berre la lommeboka liggje igjen på hotellet. Det same kan du gjere om du har smartklokke med Fitbit Pay eller Garmin Pay. Bruk kredittkortet kontaktlaust så sparer du både tid og unødvendig kontakt med betalingsterminalen. 

Til slutt eit ekstra tips - det kan vere lurt å setje på regionsperre på kortet ditt, slik at det berre kan nyttast i utvalde delar av verda. På denne måten kan du redusere faren for svindel og misbruk.

God tur!