Ansvarsforsikringa dekkjer det økonomiske ansvaret bedrifta di kan påleggja etter alminnelige rettsreglar for skadar på personar eller ting som tilhøyrer andre, fortel Hege Alfei Sæbø, salssjef i Eika Forsikring.

- Kva type hendingar blir dekte?

Det dreier seg om uaktsame handlingar. Eit eksempel kan væra at ein snekker skal festa ein spiker, men så treff han eit vannrøyr inne i veggen. Følgjeskaden som skjer då, vert dekt av forsikringa, forklarer ho.

Kan få fatale konsekvensar
Konsekvensane for ei bedrift som står utan forsikring når uhellet er ute, kan væra fatale:

- Det er sjølvsagt avhengig av kor alvorlege skadane er, men i verste fall kan det velta heile bedrifta. Ikkje ta sjansen på å klare deg utan forsikring, før eller seinare kan skaden skje. Samstundes må du passa på at forsikringa er tilpassa bedriftas behov, seier Alfei Sæbø og utdjupar:

- Om du til dømes driv ein bilverkstad, men er forsikra som en bilrekvisita-forhandlar, er du dekka for ein annan type risiko enn du eigentleg skal vera. Og når omsetninga aukar, må du hugse å oppgradera forsikringa tilsvarande.

Les meir om ansvarsforsikring her

Fleire typar ansvarsforsikring
Salet av ansvarsforsikringar i Noreg har auka dei siste åra. Eika er opptekne av at det skal være lett for bedrifta å velje rett.

- Teiknar du næringsforsikring hjå oss får du ein heilheitleg pakkeløysing kor alminneleg ansvarsforsikring med produktansvar er inkludert.

For verksemder som driv innan ulike bransjar, kan det vera aktuelt med fleire ansvarsforsikringar.

- Eit eksempel kan væra formueskadeforsikringar for rådgivande ingeniør som skal prosjektere bygg. Her kan det koma krav mot ingeniøren dersom det til dømes er gjort feil berekningar.

Då er det greitt å ha ein formueskadeforsikring, eller profesjonsforsikring som det og blir kalla, forklarer Alfei Sæbø, og avsluttar med eit siste stalltips:

- Aksjeselskap, burettslag og stiftelsar bør vurdera å teikne styreansvarsforsikring. Svært mange er nemleg ikkje klare over at ein som styremedlem kan bli stilt økonomisk ansvarleg for feil styret har gjort.

Prat med oss om forsikring til din bedrift