Aller først: Kvifor er det lurt å leggje til fleire kort?

Kort fortalt: Vipps er akkurat som ei lommebok. Det vil seie at du får alt av fordelar frå korta dine når du brukar Vipps på nettet og til bedrifter – uansett sum. Alt handlar om kva for eit kort du brukar når kjøpet blir gjennomført.

Bankkonto og venebetaling

Nokre gonger held det med bankkontoen for å betale det du skuldar ein ven. Pengane overfører du enkelt og raskt – og jobben er gjord.

Større kjøp – andre kort?

Andre gonger kan det vere fint å ha tilgang til andre kort eller kontoar enn dei du vanlegvis brukar. Kanskje du skal handle noko på nettet – til dømes ei flyreise? I desse tilfella er det lurt å registrere (leggje inn) både bank- og kredittkortet i Vipps. Då kan du bruke Eika Kredittkort til betaling av til dømes flyreiser for å kunne få gratis reise- og avbestillingsforsikring med på kjøpet. Vipps, så er beløpet betalt som om du tasta inn kortdetaljane sjølv. 

Slik legg du til fleire kort

  1. Vel «Profil».
  2. Vel «Konto og kort».
  3. Vel «Legg til konto» eller «Legg til kort».
  4. Fyll inn kontonummer eller kortnummer, utløpsdato og tryggleikskode (3 siffer på baksida av kortet).
  5. Vel «Legg til/Registrer».

Slik byter du kort når du kjøper noko

  • Gjennomfør kjøpsløpet hos bedrifta.
  • Opne Vipps.
  • Under summen du betalar, kan du endre kort.

Hugs: Betaling til bedrifter er gebyrfritt Vi minner om at det er gebyrfritt for deg som handlar når du brukar korta våre i Vipps på nettet og til bedrifter – uansett sum. Gebyret på 1 prosent gjeld berre overføringar over 5000 kr mellom to vippsarar.


Har du endå ikkje fått kredittkort frå oss? Hugs at det løner seg å ha alle kort samla på éin stad. Og tryggast og mest oversiktleg er det å ha dei hos oss i banken. Effektiv rente ved utsett betaling: 25,11 %, v/15 000,– o./12 md. Kostnad: 1563,68 kr. Totalt: 16 563,68 kr.