Har du planar om ein liten ferie med dei du er glad i? Bestill hotellopphaldet på Visa si kampanjeside på Booking.com og få inntil 6 % rabatt når du betaler med ditt bankkort eller Eika Kredittkort.


Slik får du rabatten:

  1. Rabatten vert gjeven i samarbeid med Visa, og det er viktig at du bestiller hotellopphaldet på kampanjesida. Gjer du eit vanleg søk og bestiller frå den ordinære nettsida, vil du ikkje opptene rabatt.

  2. Legg inn kampanjekoden VISABKNG under "Få tilgang til spesialtilbod" øvst på sida.

  3. Registrer deg eller logg deg inn på din Booking.com konto. Du må vere innlogga for å få rabatten.

  4. Søk etter overnatting. Vel overnattingsstader som viser eit kroneavslag på pristilbodet slik som vist i dømet under. Prisavslaget er oppgjeve i kroner og merka med grønn bakgrunn: "Få NOK 70 i avslag".



  5. Vel "Betal no" eller "Betal seinare med Booking.com" ved utsjekking. Vel du å betale seinare på hotellet, vil du ikkje få rabatt.

  6. Betal med ditt bankkort eller Eika Kredittkort.

  7. Når bookingen er fullført, vil du få ein stadfesting på e-post som viser summen du har betalt for hotellopphaldet og rabatten du har fått.

Om tilbodet:

  • Tilbodet er gyldig frå 1. oktober 2023 og kan brukast av alle som har bankkort eller Eika Kredittkort.
  • Rabatten vert kun gjeven på bestillingar gjort på Visa si kampanjeside.
  • Komplette vilkår for kampanjen finn du her (dokumentet er på engelsk).
  • Vel du "Betal seinare på hotellet" eller avbestiller eit opphald, vil du ikkje få rabatt.
  • Tilbodet gjeld ikkje for all overnatting som er tilgjengeleg på Booking.com.

Rabatten leverast som eit samarbeid mellom Booking.com og Visa. Eika Kredittbank kan ikkje stillast ansvarleg for utebliven rabatt eller tekniske feil ved bestilling av eit hotellopphald.

Få eit hyggeleg hotellopphald til rabatterte prisar!