Det er spennande å kjøpe bil for første gong og kjenne på fridommen det gjev. Samtidig er det lett å feilkalkulere dei faktiske kostnadene av bilhald, og det gjeld ikkje berre for ferske bileigarar. Det er fleire kostnader som er knytte til bil enn dei mest openberre, som innkjøp av sjølve bilen, forsikring og drivstoff. Både det du brukar på bilen, og det du taper på bilen gjennom mellom anna verdifall, må takast med i heilskapsbiletet. 

Her går vi gjennom kostnader som er knytte til bil, med døme. Sjølv om kostnadene vil variere veldig frå person til person, kan du bruke døma til å rekne ut kva dine kostnader vil bli, eller berre få eit kjapt overblikk. Hugs at du har ein personleg rådgjevar her i banken. Vi hjelper deg gjerne med til dømes låne- og forsikringskostnader eller å finne ut korleis ein bil vil passe inn i din økonomi.

Dette er kostnadene som er knytte til bil
• Innkjøp og lån
• Forsikring
• Verdifall
• EU-kontroll
• Service
• Drivstoff eller straum
• Olje 
• Dekk 
• Bomavgifter
• Tilleggskostnader

Innkjøp og lån

Er det éin kostnad dei færraste gløymer, så er det innkjøpskostnaden for bilen. Kanskje har du også funne ut at du må ta opp billån til heile eller delar av summen. Anten du ønskjer eit vanleg, grønt eller kaskofritt billån, kan du bruke lånekalkulatoren vår til å rekne ut kor mykje du kan låne, og kva du må betale. Kor mykje eigenkapital du har, og kva for eit billån du tek opp, avgjer kor mykje lånet vil koste. Til dømes løner det seg å velje elbil – då er både lån og forsikring ofte meir gunstig.

Døme:
Vi tenkjer oss at du skal kjøpe ein bil som kostar 200 000 kroner. 

• Du har ingen eigenkapital og skal ta opp eit ordinært billån med 5 års nedbetalingstid. Du treng å låne 200 000 kr. Du betalar då 4 038 kr i månaden med 6,25 % nominell rente. Totale renter og gebyr: 42 285 kr.

• Du har 35 % eigenkapital og skal ta opp eit grønt billån med 5 års nedbetalingstid. Sidan du har 70 000 kr i eigenkapital, treng du berre å låne 130 000 kr. Du betalar då 2 541 kr i månaden med 4,25 % nominell rente. Totale renter og gebyr: 22 467 kr.

Forsikring

Bilforsikring må du ha, men kva for ei du treng, er avhengig av fleire forhold som alder, bustad, bil og så vidare. Prisen kan derfor variere veldig. 

Ansvarsforsikring er lovpålagt og den billegaste forsikringa. Denne forsikringa dekkjer berre ansvar, rettshjelp og ulykke. Mange førstegangskjøparar vel ei eldre bil, og då kan delkasko vere aktuelt – denne forsikringa dekkjer også brann, tjuveri, glasskade og redning/veghjelp. Klinkar du derimot til med ein nyare eller dyrare bil, er kasko eller Bil Pluss gode val. Ta den raske forsikringstesten vår for å finne ut kva for ei forsikring som passar deg best, eller kontakt oss – vi er her for å hjelpe.

Du må også betale trafikkforsikringsavgift til staten (tidlegare årsavgift), og dette betalar du gjennom forsikringsselskapet.

Eksempel
Vi tenkjer oss at du er  18 år og bur på Hamar. Her følgjer to prisdøme med ulike variablar.

Prisdøme 1: 
• Bil: Audi A4 1,8 
• Registreringsår: 1998 
• Årleg køyrelengd: 16 000 km 
• Dekningsomfang: ansvar, førar og passasjerulykke og delkasko 
• Startbonus: 60 % 
• Pris: 6 644 kr, og trafikkforsikringsavgift på 2 975 kr

Prisdøme 2: 
• Bil: Nissan Leaf 
• Registreringsår: 2018 
• Årleg køyrelengde: 12 000 km 
• Dekningsomfang: ansvar, førar og passasjerulykke, leigebil 10 dagar og kasko 
• Startbonus: 60 % 
• Pris: 13 757 kr, og trafikkforsikringsavgift på 2 975 kr

Gjer eit informert val
Det er ei spesiell kjensle å setje seg bak rattet på sin første bil. Før du gjer eit val, bør du setje deg godt inn i kor mykje bilen kostar deg, og korleis han passar inn i totaløkonomien din. Ikkje ver redd for å spørje om hjelp frå nokon som har peiling på bil, eller banken din – hugs at vi i banken gjerne hjelper deg. God biljakt, og lykke til!