Vi veit alle at økonomi kan vere kjedeleg både å tenkje på og snakke om, men det er likevel ein del av livet. Nokre gonger på godt, andre gonger på vondt. Litt som livet sjølv. Men heldigvis finst det hjelp å få. For når det gjeld økonomi, er vi her i banken faktisk ganske gode. Og ikkje heilt som dei andre.

Som lokal sparebank har vi nemleg noko dei andre større bankane ikkje har. Vi er rett og slett nærare. Geografisk, ja. Men endå viktigare er det at vi, nettopp på grunn av geografien, alltid har vore på tett på folk. For det gjer noko med ein bank.

Det gjer at vi veit at same løysing ikkje passar for alle. Det gjer at vi bryr oss litt ekstra. At vi alltid strekkjer oss så langt vi kan, for å få til gode løysingar. At vi alltid har tid til ein prat. Og aldri gløymer at du er menneske meir enn du er kunde.

Vi lovar at uansett sett kvar du er i livet, skal vi rydde plass til å gje gode råd og rettleie deg etter beste evne. 

 

Her i banken er gode råd ikkje langt unna – avtal ein prat her!