Dei norske lokalbankane blei oppretta for å bidra til vekst og økonomisk utvikling i lokalsamfunna sine og for å gje vanlege folk høve til å spare for ei tryggare økonomisk framtid. Det var berekraft i praksis den gongen, og det er det framleis. 

Men Noreg og verda har også forandra seg. Vi menneske påverkar no naturen, klimaet og kvarandre på måtar som ingen hadde kunna sjå føre seg då banken blei oppretta. Derfor handlar berekraft i vår tid også om noko meir.

Skal vi sikre at landet vårt framleis er ein god stad å bu i framtida, må vi ha økonomisk tryggleik og arbeidsplassar. Vi må behandle kvarandre bra og unngå store klimaendringar og naturøydeleggingar. 
Vi i banken er ikkje ekspertar på klima eller natur, men vi kan ganske mykje om korleis dine og mine prosjekt, bustadkjøp, reiser og forbruk kan påverke samfunnet vårt – og verda rundt oss. Og vi blir stadig betre.

Saman med deg, andre menneske og bedrifter i lokalsamfunnet vil vi hjelpe til å auke merksemda rundt berekraft der vi kan. 

Vi jobbar med å bli endå betre rådgjevarar for deg, og for å finne gode måtar vi kan gjere ting smartare og betre på – saman. For auka berekraft for verda, nabolaget, deg og meg. Små og store steg i rett retning – kvar einaste dag.