1 Halvparten av klimautsleppa våre kjem frå bustad og transport

Visste du at meir enn halvparten av utsleppet til ein gjennomsnittsnordmann kjem frå bustad og transport? Det er stor skilnad mellom energibruken i ulike bustader, og høgt energiforbruk er verken bra for klimaet eller lommeboka. 

2 Straumsparing hjelper både for privatøkonomien og klimaet

I åra framover må vi i Noreg kutte kraftig i klimagassutsleppa våre. Ein av måtane vi skal gjere det på, er å erstatte forureinsande energikjelder som bensin og diesel med straum. Jo meir straum vi klarer å spare der vi brukar straum i dag, jo meir utslepp kan vi kutte andre stader.

Denne vinteren er straumen i Noreg mykje dyrare enn vi er vande med. Sjølv om straumen forhåpentleg ikkje skal vere så dyr som no veldig lenge, må vi rekne med at straum også i framtida vil vere dyrare enn han var før. Har du eit høgt straumforbruk, kan det derfor vere pengar å spare på å gjere endringar, sjølv om det kostar på kort sikt. Løysingar som nye vindauge eller varmepumpe gjer bustaden meir energieffektiv og kan vere ei god investering som sparar både deg og miljøet for unødvendige kostnader. 

3 Fleire og fleire nordmenn vel meir berekraftig transport

Målingar som blei gjorde av Statens Vegvesen før pandemien, viste ein stor reduksjon i talet på bilturar frå 2014 og fram til 2019, og ein kraftig auke i kollektivtransporten i same periode. Fleire og fleire nordmenn vel å reise kollektivt eller finne andre berekraftige alternativ. Det er faktisk også slik at meir enn annankvar ny bil som blir kjøpt her i landet, er ein elbil.

Det har også vore ein stor auke i talet på nordmenn som nyttar seg av bildelingstenester som eit alternativ til å eige bil. På denne måten kan dei reise kollektivt eller sykle og gå i kvardagen, men ha tilgang til bil når dette er nødvendig. Om mange deler éin bil, er det både færre bilar som blir produserte, det krevst mindre areal til parkeringsplassar, og kvar person køyrer sjeldnare. 

4 Seks av ti vel å kjøpe brukte klede til ungane

Det har vore ein enorm auke i populariteten til brukthandel den siste tida. Faktisk har heile 50 prosent av nordmenn handla noko brukt. Så mange som seks av ti foreldre vel no å kjøpe brukte klede til ungane sine (E24!). Dette er både berekraftig for miljøet og lommeboka, og til inspirasjon for ein ny generasjon av berekraftige forbrukarar. 
 
Klede og ting som blir kjøpte brukt, blir som regel heller ikkje frakta særleg langt. I følgje Fremtiden i våre hender skjer heile 42 prosent av klimagassutsleppet frå ditt og mitt forbruk i andre land, når varer blir produserte i andre land og frakta til Noreg. 

Kjøper du brukt, bidreg du til smartare ressursbruk ved at same ressurs blir brukt fleire gonger. Dette kallar vi sirkulærøkonomi. Sirkulærøkonomi er som eit slags kinderegg – det reduserer utslepp, forbruk av ressursar og areal, og avfall.

5 Fire av ti vel klede som varer lenger

Om vi skal klare å utnytte ressursane smartare, må vi også produsere varer/klede som er meir haldbare, og bli flinkare til å ta vare på dei tinga vi allereie har. Dette er noko mange har fått auga opp for. Fire av ti nordmenn vel faktisk kva klede dei kjøper, basert på slitestyrke og kor lenge dei varer.

Fleire merkevarer tilbyr gratis reparasjonar eller løysingar for gjenbruk som ikkje oppmodar om auka forbruk. Slik har mange forbrukarar fått auga opp for berekraftige løysingar og fått eit meir medvite forhold til kva for leverandørar dei vel å handle hos. Og kva gjev vel ei betre kjensle enn å sjølv kunne sy på ein lapp på favorittdunjakka slik at ho kan vare i mange vintrar til?

6 Matavfallet i 2020 svarte til utsleppet til 500 000 fossilbilar

Visste du at klimagassutsleppa frå mat som blei kasta i Noreg i 2020, svarte til årsforbruket til over 500 000 fossilbilar? I tillegg krevst det enormt mykje plass for å dyrke mat og produsere fôr til dyra vi et. Då er det viktig å bruke ressursane vi har, på ein smart måte, så det blir nok mat til alle.

Via prosjektet MatVinn frå Framtiden i våre hender har rundt 150 familiar jobba aktivt med å bli meir medvitne om kva dei kjøper og kastar, for å redusere matavfallet sitt. I snitt klarte deltakarane å redusere avfallet sitt med 70 prosent. Desse tala viser at dei fleste har mykje å gå på når det gjeld matavfall, og i ei tid der mykje har blitt dyrare, kan det også ha svært positiv innverknad på lommeboka.

7 Færre enn nokon gong kjøper svarte tenester

Aksepten hos nordmenn for å kjøpe svart arbeidskraft har falle kraftig dei siste åra. I 2009 svarte 23 prosent av dei spurde nordmennene at dei hadde kjøpt svarte tenester det siste året. I 2022 var det berre 6 prosent som svarte det same. Det vil seie at det har skjedd ei kraftig haldningsendring i Noreg på få år.  Det er gode nyheiter.

Å handle kvitt gjer at dei som gjer jobben for deg, får ei anstendig løn, og at rettane deira blir sikra. Det er også trygt for deg som kjøper tenestene. Kjøper du svarte tenester, har du i praksis ingen rettar som kunde. Du kan risikere å bli medansvarleg for manglande betaling av skattar og avgifter frå useriøse bedrifter, og i verste fall kan du bli politimeld og straffa. 

Vala du gjer kvar einaste dag, påverkar nærområdet, klimaet, naturen og privatøkonomien. Dei kan også inspirere andre til å gjere gode val. Saman kan vi utgjere ein forskjell – med små og store skritt i rett retning kvar einaste dag.