Dette er eFaktura og AvtaleGiro
Med effektive løysingar for fakturering og innbetalingar slepp du å bruke unødvendig tid på å krevje inn pengar frå kundane dine. Hos oss kan du sende eFaktura og ta betalt med AvtaleGiro.
Send eFaktura til kundane dine
- Elektronisk faktura til bedrifter og privatkundar
- Du kan sende eFaktura til både nye og eksisterande kundar
- Kunden blir varsla når det kjem ein ny eFaktura og godkjenner rekninga før ho blir betalt
Ta betalt med AvtaleGiro
- Automatisk betaling er perfekt for bedrifter som har faste kundar
- Rekninga blir automatisk betalt på forfallsdato om ikkje kunden gjer endringar
- Kunden ser rekninga i forfallsregisteret minst sju dagar før forfall
Sams for begge løysingane er at dei gjer livet enklare – både for deg og kunden din:
- Du har full oversikt over betalte og ubetalte fakturaer
- Kunden slepp å skrive inn KID-nummer og annan informasjon