Næringslån

Når bedrifter gjer større investeringar i ting som eigedom, maskiner eller produksjonsutstyr, blir dei som regel finansierte med eit næringslån.
  • Lån til eigedom, maskiner og produksjonsutstyr
  • Opprett lån med fast rente, flytande rente eller ein kombinasjon
  • Betal tilbake etter ei avtale som er tilpassa økonomien til bedrifta
Kontakt meg om næringslån

Dette er næringslån

Har du behov for større plass til dine tilsette? Ønskjer du å investere i eit nytt byggeprosjekt? Eller treng du nytt produksjonsutstyr? Hos oss kan du låne til eigedom, maskiner og produksjonsutstyr. Lånet blir oppretta med fast rente, flytande rente eller ein kombinasjon – og blir tilbakebetalt etter ei avtale som er tilpassa økonomien til bedrifta.

God kjennskap til nærmiljøet gjer oss til ein god partnar for lokale bedrifter. Snakk med oss om finansiering, så finn vi ei løysing som høver for bedrifta di.

3 grunnar til å velje næringslån i lokalbanken

  1. Lokal kunnskap. Vi ser alt som er mogeleg der storbankane ser utfordringar. Geografisk nærleik gir oss eit betre avgjerdsgrunnlag når vi skal vurdere søknadar.

  2. Smidigare system. Som lokalbank er det enklare å sjå bak tala. Større kunnskap om lokalt næringsliv og ein mindre bankorganisasjon, gjer at vegane til avgjerd er korte

  3. God rådgiving. Det er viktig at finansieringa høver til bedriftas planar på både kort og lang sikt. Derfor set vi oss godt inn i økonomien til bedrifta før vi tilrår løysingar som høver for dine behov. Vårt mål er å sikre drifta av banken og å gi tilbake til lokalsamfunnet – derfor er det viktig for oss at kundane våre gjer det bra.