Heimtransport eller sjukehusinnleggelse
I slike situasjonar skal du alltid kontakte Eika Forsikring før heimtransport blir starta eller ved langvarig sjukehusinnleggelse.
Avbestilling
Før du melder skaden til oss må du ha kontakta reisearrangøren for avbestilling av reisa, eventuell refusjon frå arrangøren kjem til fråtrekk på erstatninga. Det må fremjast dokumentasjon på avbestillingsårsak, for eksempel godkjenning frå lege på sjukdom.
Avbroten ferie
Dersom ferien blir avbroten pga. sjukdom/ulukke i nærmaste familie busett i Noreg skal skal Eika Forsikring kontaktast før heimreisa blir starta.
Identitetstjuveri
Ta kontakt når du har mistanke om at økonomiske avvik har funne stad. For eksempel om du mottek rekningar for produkt du ikkje har bestilt, får uventa belastingar på kredittkortet ditt, mottek varsel om adresseendring eller kredittsjekk som du sjølv ikkje kjenner til. Forsikringa gjeld kortinnehavar og innehavar av tilleggskort.
Opningstider
Mandag til fredag: 08:00-17:00
Når du tek kontakt må du referere til Eika Kredittkort, samt kortnummer. Nummeret finn du på kortet ditt.
Øyeblikkelig hjelp
Ved behov for øyeblikkelig hjelp, ta kontakt med SOS International a/s +45 70 10 50 50 (24 t).
Når du tek kontakt må du referere til Eika Kredittkort, samt kortnummer. Desse nummera finn du på kortet ditt.
Ved utanlandsreiser utanfor EU og Nord-Amerika, tilrår vi at du skriv ut og tek med deg forsikringsvilkåra på reisa. Ha alltid med deg reiseforsikringsbeviset.