Eiendom Norges bustadprisstatistikk ser dyster ut for mange unge som drøymer om å kjøpa leilegheit, og ikkje berre i hovudstaden. Bustadprisane i Noreg var i juli 2021 heile 8,5 prosent høgare enn for eitt år sidan.

Kva er årsaka til dei høge bustadprisane?

Rekordlåg bustadlånsrente og få førstegangskjøpobjekter til sals i bruktbustadsmarknaden er to av faktorane som pressar prisane opp mange stader i landet. Framover vil vi truleg òg oppleva ein periode med lågare tilbod av nye bustadprosjekt. Dette skylder redusert tilgang på utanlandsk arbeidskraft på grunn av koronapandemien.

Når prisane blir høgare, må mange kjøpa mindre bustader for å få råd. Enkelte kjøpargrupper som tidlegare såg på 3-roms ser no på 2-roms for å få råd til bustad. Dette gjer at prisen på dei mindre objekta, som mange førstegongskjøparar ser på, blir pressa oppover. Då blir det mange på visning og kamp om dei mindre leilegheitene.

Raskaste veg inn på bustadmarknaden

Å kjøpa bustad er den største investeringa mange gjer i livet. Å spara opp nok eigenkapital er utfordrande for mange. Ei enklare løysing kan vera at foreldre er med på bustadkjøpet som kausjonist eller medlåntaker.

Alternativt kan ein kjøpa leilegheit saman med ein venn eller partnar, sidan det er rimelegare å kjøpa ein 3-roms saman enn å kjøpa kvar sin 2-roms. Denne løysinga treng ikkje å vara for alltid, men er ein fin måte å få ein fot innanfor bustadmarknaden på.

Løft blikket og tenk langsiktig

Sjølv om ein drøymer stort, er det gjerne forskjell på drøymebustaden og dei første skritta inn på bustadmarknaden. Tenk langsiktig og husk at bustadreisa di må starta ein stad. Er bustadprisane i sentrum eller sentrale strøk uoppnåelig høge no, er ikkje det synonymt med at du ikkje kan bu her seinare.

Viss du vil bu sentralt i ein by, men ikkje har råd no, kan det vera smart å ta del i bustadprisveksten ved å starta bustadreisa litt utanfor bykjernen. Du kan tena godt på å tenka litt annleis om det første bustadkjøpet ditt.

- Løft blikket, så vil du sjå fleire moglegheiter, anbefaler Marius Aasen, eigedomsmeklar og partnar ved Aktiv Grünerløkka/Carl Berner i Oslo.

Det kan vera lurt å velja eit område med gode buss- eller togsamband dersom du kan. Då blir terskelen for å reisa inn til næraste tettstad eller by litt lågare.

Inkluder kvalitetane du ynskjer deg i reknestykket

Eit bustadkjøp kostar meir enn berre salssummen som er oppgitt. Derfor bør du òg tenka over korleis du vil leva etter at faste utgifter som mat, transport, renter, avdrag, forsikring, vedlikehald, straum og eigedomsskatt er betalte. Korleis vil du ha det økonomisk etter å ha kjøpt bustad? Vil du legga mest pengar i bustaden, eller vil du at det skal vera rom for sparing og eksotiske feriar?

Betyr det estetiske mykje for deg, er det fint å hugsa på at oppussing kan gjerast billeg. I dag kan ein til dømes få eit flunkande nytt IKEA-kjøkken med kvitevarer for 20.000 kr. Å måla kan du enkelt gjera sjølv, og på badet kan ein måla fliser eller leggja flis på flis så lenge badet er tørt.

Vi finn løysingar

Snakk med oss om kva behov og ynskjer du har. Vi er ofte gode på å finna løysingar som ein ikkje nødvendigvis får hos større bankar, og vi kan òg gi god rettleiing og trygd i kjøpsprosessen.

Rådgivarane våre kan hjelpa deg å setja opp eit oversyn over kostnadene dine slik at de saman kan finna ut kor mykje du kan ta opp i bustadlån. Vi ynskjer jo at du skal kunna leva komfortabelt med bustadlånet ditt, og derfor meiner vi at det er viktig å ikkje berre sjå på eigenkapital og inntekt, men heller vurdera totalbildet.

Vegen til den første bustaden din kan vera litt kronglete, men ta gjerne kontakt med oss i banken for gode råd. Vi er her for deg!