Saman med ditt Eika Ansatt kredittkort får du eit Priority Pass-kort som gir deg inngang til over 1300 flyplassloungar i nesten 150 land verda over. Ideelt for deg som ofte er på reisefot.
Din Priority Pass-medlemskap, som vanlegvis kostar € 89, får du gratis som ein del av ditt Eika Ansatt. Når du kjem til loungen viser du ditt Priority Pass-kort og registerer deg. Du betaler berre € 24 per gjesting og same pris gjeld også for gjester du har med deg. Ditt Eika Ansatt vil bli belasta automatisk i etterkant av opphaldet.
I loungane kan du hyggje deg med god mat og drikke – så mykje du vil. Du kan også finne ein komfortabel arbeidsplass dersom du har behov for å jobbe litt.
Les meir om Priority Pass og få full oversikt over fordelar og vilkår ved å ta ein titt på nettsidene deira. Du kan også laste ned Priority Pass-appen. Då har du alltid moglegheit til å finne nærmaste lounge.
Hugs å ta med deg din Priority Pass-kort når du er på reise - din nøkkel til eit roleg og avslappande opphald på flyplassen!
![Dame holder i passet sitt](/-/media/fellesbilder/Kredittbank---Kun-til-eget-bruk/artikler/priority-pass.jpg?mw=874&hash=5A86829BC6B125241429C6FA3EFBA63C)
Gjer ventetida på flyplassen behageleg
Har du god tid på flyplassen og lyst til å kose deg med forfriskingar, lese avisar eller jobbe litt i rolege omgivnader?