Forklaring av ord og uttrykk som du bør forstå for å inngå ein avtale om kredittkort.
-
Kva er eit kredittkort?Eit kredittkort er eit betalingskort som kan brukast til å gjere kontantuttak eller til å kjøpe varer og tenester. Når du bruker kredittkortet, låner du i realiteten pengar frå banken/kredittkortselskapet. Du må betale rente på det du låner. Lånet er avgrensa til ein maksimalsum som er avtalt mellom deg og banken/kredittkortselskapet (låneramme). Lånet må betalast tilbake til banken/kredittkortselskapet.
Bruk av kredittkortet gir deg ein rentefri periode. Lengda på den rentefrie perioden er avhengig av på kva tidspunkt i fakturaperioden kredittkortet blir nytta. Du vil kvar månad få ein faktura med siste månads forbruk. Dersom du betaler denne fakturaen innan forfallsdato, vil det ikkje tilkome renter.
Dersom du ønskjer å gjere ei nedbetaling av lånet gjennom å betale avdrag, tilkomer det ei avtalt rente på det resterande lånet. Du betaler altså rente på den delen av kreditten du har nytta og som er forfalt til betaling, dvs. ikkje av heile kredittramma. -
Kva slags teneste har du behov for?
Eit kredittkort passar for deg dersom:
- ditt behov for løpande lån svingar frå månad til månad, samtidig som
- du planlegg å betale tilbake lånet med ein gong eller forholdsvis raskt.
Eit kredittkort kan også vere gunstig dersom du er mykje ute og reiser eller handlar mykje på internett, fordi du kan kontrollere at sumane er riktige før du betaler rekninga. I tillegg har du god tryggleik dersom du skulle bli utsett for svindel.
Ønskjer du eit kort kvar summen blir trekt frå pengar du allereie har på kontoen din, bør du heller inngå avtale om eit bankkort (debetkort).
Dersom du har behov eit større lån som blir utbetalt som ein eingongssum og ønskjer noko lengre tid på tilbakebetaling, f.eks. dersom du ønskjer å realisere mindre oppussingsprosjekt, kan eit smålån (forbrukslån) vere eit betre alternativ for deg.Eit smålån er også betre dersom du allereie har stor kredittkortgjeld eller fleire andre forbrukslån, fordi du då kan samle alle låna i eitt større lån med betre vilkår som f.eks. lågare rente.
-
Kva må du tenkje på før du inngår avtale om kredittkort?
- All kreditt på kortet må betalast tilbake, og dette gjeld også løpande renter og gebyr.
- Det er alltid ein viss risiko forbundet med å ta opp eit lån. Sjølv om banken/kredittkortselskapet gjer ei kredittvurdering av deg, kan det oppstå uventa tilstandar. Du må ta høgde for at du må vere i stand til å betale kredittkortgjelda sjølv om du skulle bli sjuk eller arbeidsledig.
- Dersom du ikkje betaler ned det du skulder innan betalingsfristen, vil det tilkome renter. På denne måten blir det du kjøper dyrare enn dersom du betaler vara eller tenesta med pengar du har på konto.
- Ha kontroll og oversikt på kor mykje du bruker kredittkortet. Ikkje bruk korta meir enn du klarer å betale tilbake. Lag eit realistisk budsjett og ein fornuftig nedbetalingsplan.
- Det er ein risiko for at renta blir sett opp.
- All kreditt på kortet må betalast tilbake, og dette gjeld også løpande renter og gebyr.
-
Kva er effektiv rente?I SEF-skjemaet finn du kva for ei effektiv rente som gjeld for kreditten. Den effektive renta reflekterer kva lånet frå banken/kredittkortselskapet vil koste deg. Effektiv rente beregnes på same måte av all banker/kredittkortselskap, og omfattar alle kostnader knytte til bruk av kredittkortet. Effektiv rente er derfor eit godt hjelpemiddel om du vil samanlikne tilbod frå fleire aktørar.
-
NedbetalingDersom du ikkje betaler heile beløpe, vil det tilkome renter. I tillegg til renter må du betale ned på lånesumen ved månadlege avdrag.
-
Rente- eller prisendringarBanken/kredittkortselskapet vil etter reglane i finansavtalelova kunne endre renta eller andre kostnader tilknytte kredittkortet med varsel på to månader, dersom det foreligg ein sakleg grunn.
-
Angrerett og omtenkingstidDu vil kunne angre på kredittkortavtalen du har inngått innan 14 dagar. Dersom du bruker angreretten, må du tilbakebetale nytta kreditt, eventuelle tilkomne renter samt eventuelle kostnader/gebyr.
Du kan når som helst velje å seie opp kredittkortavtalen og nedbetale lånesaldoen. Dette er også ei form for angrerett. -
Delvis innfriingDu kan når som helst velje å nedbetale lånet heilt eller delvis.
Avtalen om kredittkort kan avsluttast ved å kontakte banken/kredittkortselskapet. -
PersonopplysingarFor å gjennomføre avtalen med deg og for å etterleve lovpålagde plikter vil banken/kredittkortselskapet behandle personopplysingar om deg. Dette vil blant anna vere indentifikasjonsopplysningar, kontaktopplysingar, kredittopplysningar, inntekter, utgifter, eigedelar og gjelda. For ytterlegare informasjon om kredittyter si behandling av personopplysingar og for kontaktinformasjon til personvernombod eller annan ansvarleg, sjå banken/kredittkortselskapet si personvernerklæring.
-
HevingI visse tilfelle har banken/kredittkortselskapet rett til å heve kredittkortavtalen, dvs. krevje at heile lånet blir tilbakebetalt etter eit kort varsel. Det gjeld for eksempel dersom du mislegheld kredittavtalen vesentleg, du døyr, går konkurs e.l.
-
Kva skjer om du ikkje betaler?
Betaler du ikkje avdraga dine i det heile tekne, vil det kunne resultere i at:
- Kortet blir sperra for vidare bruk.
- Heile lånet blir krevd umiddelbart innbetalt.
- Lånet vil misleghaldast og bli inndrive gjennom inkasso, noko som kan medføre ekstra kostnader/gebyr.
- Forseinkingsrenter tilkomer, som er høgare enn avtalt lånerente.
- Du kan få betalingsmerknader.
- Misleghald og betalingsmerknader kan igjen gi deg problem med å få nye lån.
- Evt. tilleggsfordeler, f.eks. reiseforsikring, kan bortfalle.
- Kortet blir sperra for vidare bruk.
-
Ved betalingsutfordringarTa kontakt med banken/kredittkortselskapet snarast mogeleg dersom du ikkje klarer å betale renter eller avdrag på lånet, for eksempel dersom du blir arbeidsledig, går gjennom eit samlivsbrot eller andre uventa hendingar.
Dette er ei kortfatta og forenkla forklaring. Dei fulle vilkåra finn du i kredittkortavtalen.