1. Les forsikringsbeviset og vilkåra ved fornyinga av forsikringa

Ja, vi veit det, det kan vere keisamt som ein regnvêrsdag i november. Men det er veldig viktig. Forsikringsvilkåra er det som avgjer om du får utbetalt erstatning eller ikkje. Ved fornying av forsikringa, ta deg tid til å lese gjennom vilkåra og forsikringsbeviset ditt. Det kan ha endra seg noko sidan sist.

2. Ikkje bom på forsikringssummen

Forsikringssummen er den maksimale summen forsikringsselskapet vil utbetale ved ein skade. Er forsikringssummen for låg, risikerer du å stå igjen med rekninga sjølv. Tenk gjennom kva eigedelane dine er verdt, og vel ein forsikringssum som reflekterer det.

3. Opprett avtalegiro, så slepp du å få fakturaen for heile året

Å få ei stor forsikringsrekning ein gong i året kan vere like ubehageleg som å tråkke i ein søylepytt med nye sko på. Men det finst ei løysing. Ved å opprette avtalegiro kan du dele opp betalinga over året. Litt kvar månad istadenfor ein stor sum på ein gong.

Det er både enklare å handtere, og du slepp å gløyme å betale, sidan du slepp å hugse betalinga. Det blir trekt automatisk frå kontoen din ved forfallsdato.

4. Oppdater kilometerstanden på bilen så nært fornying som du kan

Når forsikringa på bilen din skal fornyast, er det viktig å oppdatere kilometerstanden og årleg køyrelengde. Det kan påverke prisen du betaler. Dersom du passerer din avtalte køyrelengde og forårsakar ein skade risikerer du redusert erstatningsoppgjer. Ikkje la det liggje til neste år, då kan du gå på ein prissmell.

5. Når behova dine endrar seg bør du oppdatere forsikringane

Ta ein gjennomgang med rådgivaren din. Livet endrar seg, og det same gjer behova dine for forsikring. Kanskje har du kjøpt ein ny bil, flytt eller det har kome ein ny verdsborgar i familien sidan sist du oppdaterte forsikringane dine? Ta ein årleg gjennomgang med rådgivaren din for å sikre at forsikringane dine er oppdaterte og dekkjer det du treng.

Å unngå desse fellene kan spare deg for både tid, pengar og grå hår. Vi i banken er her for å hjelpe deg. Bestill ein rådgivingstime med oss, så tek vi ein titt på forsikringane dine saman. Vi gleder oss til å høyre frå deg!

PS: Visste du at du finn fakturaoversikta di på mi side på nettbanken og mobilbanken?