Sturla Stavseng
Fødselsår: 1991
Bosted: Ørskog
Yrkestittel: Daglig leder
Bakgrunnsinformasjon: Utdannet tømrer og bygningsingeniør. Er i dag leder av Forstanderskapet og stiller til gjenvalg.
Snart er det kundevalg i banken
Valtidspunkt
Valet skal haldast i perioden måndag 26. januar (kl. 09:00) til torsdag 29. januar (kl. 23:59).
Korleis du røyster ved valet
Vi oppfordrar alle som kan om å nytte bankens digitale løysing med Bank ID ved å følgje link over. Her kan du gje di røyst når som helst i valperioden, også utanfor bankens opningstid.
Kven kan røyste
Alle myndige kundar i Sparebanken som har, og i dei siste seks månader har hatt, eit innskot på minst 2.500 kroner, kan veljast og har røysterett ved val av medlemar og varamedlemar som skal representere kundane i forstandarskapet. Kvart kundetilhøve gjev éi røyst når ikkje anna følgjer av lov eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn to røyster, ei på grunnlag av eige kundetilhøve og ei som representant for annan kunde.
Kven skal veljast – kandidatar til valet
Forstandarskapet er det øvste organet i banken, og består av totalt 16 medlemer med 6 varamedlemer. Av desse er 12 medlemer og 4 varamedlemer valt av og mellom Sparebanken sine myndige kundar. Minst sju av dei kundevalde medlemene skal ha folkeregistrert adresse 6240 Ørskog. Medlemene- og varamedlemene vert valde for ein periode på 4 år, og er eit reint fleirtalsval.
Banken si valnemnd for kundevalet har kome med følgjande forslag på kandidatar for perioden 2026-2030, i alfabetisk rekkefølgje:
|
Namn |
Adresse |
Fødd |
| Vibeke Helland | Stordal | 1973 |
| Per Even Madsen | Skodje | 1970 |
| Sissel Bjermeland Opsal | Ørskog | 1971 |
| Natalie Bakke Sjøholt | Ørskog | 1994 |
| Sturla Stavseng | Ørskog | 1991 |
| Jeanette Elin Sæter Viset | Ålesund | 1978 |
Røysteføre kundar kan foreslå alternative kandidatar. Forslaget skal innehalde kandidaten sitt namn, fødselsår og -dato, fullstendig adresse, samt grunngjeving for forslaget. Forslaget må vere banken i hende innan 12. januar.
Vi oppfordrar alle kundar om å nytte røysteretten! Det er i forstandarskapet dei viktige vedtaka vert gjort, til dømes val av styremedlemer, godkjenning av årsrekneskap og utdeling av gåvemidlar. Ved å røyste kan du dermed vere med på å påverke utviklinga i Ørskog Sparebank.
Fødselsår: 1991
Bosted: Ørskog
Yrkestittel: Daglig leder
Bakgrunnsinformasjon: Utdannet tømrer og bygningsingeniør. Er i dag leder av Forstanderskapet og stiller til gjenvalg.
Fødselsår: 1978
Bosted: Ålesund
Yrkestittel: Optiker
Bakgrunnsinformasjon: Optiker med 24 års erfaring, derav en periode på 10 år kombinert butikksjef og optiker.
Fødselsår: 1994
Bosted: Ørskog
Yrkestittel: Senior Life Cycle Engineer
Bakgrunnsinformasjon: Utdannet sivilingeniør i marin teknikk ved NTNU. Jobber i dag med livsoppfølging i maritim næring. Er varamedlem i Forstanderskapet.
Fødselsår: 1973
Bosted: Stordal
Yrkestittel: Sales and Transport Coordinator
Bakgrunnsinformasjon: Har jobbet i Helland Møbler siden 2005. Erfaring innen kundeservice, ordrebehandling, innkjøp, fakturering og transport logistikk.
Fødselsår: 1971
Bosted: Ørskog
Yrkestittel: Butikkmedarbeider / servicemedarbeider
Bakgrunnsinformasjon: Over 30 års erfaring innen service og handel, samt arbeidserfaring fra helsesektoren.
Fødselsår: 1970
Bosted: Skodje
Yrkestittel: Daglig leder
Bakgrunnsinformasjon: Jobber som daglig leder i Urke og Madsen AS. 25 år i Urke og Madsen AS, samt 13 år i Ørskog Energi.